På tur over Vidden i Bergen

14.09.2022

Det er ikkje Finnmarksvidda eg har forsert, men Bergen si vidde.  

Det er ikkje Finnmarksvidda eg har forsert, men Bergen si vidde. Turløypa er mykje brukt og er 15 km lang. Det er storslagen utsikt i alle himmelretningar, frå langt vest i havet og innover i Stølsheimen, nordover til Sogn, og til Folgefonna i sør. Ikkje til å undrast at mange brukar den, både lokale og turistar. Løypa er lett tilgjengeleg frå sentrum av byen. Ein kan enten gå frå Fløyen 399 moh. til Ulriken 643moh., eller omvendt. Det er mogeleg å ta Fløybanen opp og starte der, eller Ulriksbanen og gå i motsett retning. 

Eg valgte det siste. Turen blir litt lettare. Eller ein kan gjere som dei sprekaste, gå heile vegen utan å bruke baner. Svært mange går frå Fløyen mot Ulriken i sør fordi ein då får sola i ansiktet. Og dermed sola seg samstundes. Det er ikkje få som er blitt solbrent på turen om ein ikkje har hugsa å smørje seg med solfaktor. I Bergen på sommarstid er det ofte meir regn enn sol å sjå. Det var ikkje eit aktuelt problem for meg på denne turen. Morgontåka som i dagane før hadde letta på tidleg formiddag, gjorde det dessverre ikkje denne dagen. Eg hadde gått meir enn 2/3 av turen før den byrja å lette. Eg kunne ikkje alltid sjå frå varde til varde. Tok til og med feil av stien der den ein gong delte seg. Gjekk eit godt stykke før eg forstod eg hadde gått feil. Det seiest at det ofte er omvegane som beriker livet. I dette tilfelle fekk eg anledning å sjå nærare på Turnerhytten, eit ynda turmål, og eg fekk samstundes informasjon om andre turløyper via god skilting.

Sola dukka opp når eg var veg ned mot byen på den svingete vegen frå Fløyen. Det smakte då godt med ein kopp kaffi på Det lille Kaffekompaniet. Bergen sin første kaffibar frå 1996.

Tekst & foto: Bjørg Solsvik